startside
blogg
litt om oss
hundar
kvalpar
tidlegare kull
album
nyheiter
kontakt
lenker
Oppdatert
23.03.2009


Kjetil si
fjellside :o)
| |
LITT OM OSS

Vi er ei
familie på fire som bur i Ørsta på
Sunnmøre. Sølvi og Kjetil og borna Sverre (13)
og Marie (9)
Emma, Aïda og Milla er dei firbeinte
familie-
medlemmane, dei er alle av rasen Golden Retriever.
Vi har hittil hatt to kvalpekull,
og håper
at det vert fleire etter kvart
Målet er å få fram friske hundar med godt gemytt og eit rasetypisk eksteriør.
Det er viktig at kvalpane veks opp til å verte velfungerande,
gode
familiemedlemmer. Eg vil gjerne halde kontakta med
kvalpekjøparane,
og på denne måten kunne bidra med mi erfaring, samtidig som
eg også
lærer gjennom kvalpekjøparane sine erfaringar.

- " du smakte jammen godt !!"
Litt historie :
Etter grundig "bearbeiding" av foreldra mine, fekk
eg shetland sheepdogen Tanja då eg var 11år.
I studietida flytta chow-chowen C`hengtus China
(og seinare Kjetil :-) inn.
China hadde kronisk eksem
som - trass i iherdig
behandling og medisinering - gjorde at ho hadde
uuthaldelege plager, og dessverre fekk eit altfor
kort liv.
Chow'en er ein herleg, sjarmerande hund som
alltid vil vere ein av mine favorittar.
I oktober 2000 reiste vi til Wigdis på
Kennel Sadella
, der fekk vi med
oss
Emma
(Sadellas Veronica)
heim, ein nydelig golden kvalp med mykje
fart og fres. Med eit herleg gemytt, mykje sjarm og stor livsglede, er ho eit
kjært familiemedlem. Emma elskar turar i fjellet, ho er
ein god turkamerat på
mange av Kjetil sine utallige "ekspedisjonar".
Lysta til å ha eit kvalpekull på Emma var stor, og våren 2003
vart det første
kullet vårt planlagt.
Kvalpane
vart fødde 6. juli, og som fersk oppdrettar
var det mykje nytt å lære....
Tusen takk til Wigdis for fantastisk god hjelp og "telefonstøtte" !
Frå dette kullet vart
Aïda
(Månetoppens Aïda Avantgarde)
attende hos oss. Ho er ein svært behageleg hund
med eit herleg gemytt.
Å fylgje eit kull med kvalpar frå fødselen og framover er
ei fantastisk oppleving. I løpet av dei vekene kvalpane bor
hos oss, vil vi gi dei ro og tryggleik i tillegg til at dei
også får erfare mest mogeleg av livet i ei familie.
Sidan dei veks opp på kjøkkenet, vert dei vant med huslege
lydar og aktivitetar, born, vaksne og andre hundar.
Dei får sjølvsagt også vere ute i hagen når vær og temperatur
tillet det.
Vi øver på bilkøyring, å stå på bord, tannsjekk ol.
Kvalpane vert mykje handtert av oss, både kvar for seg og i saman.
Sosialiseringa dei første vekene er eit viktig fundament for
den vidare
utviklinga, og eg legg mykje tid, arbeid og kos :o) i dette, og
belønninga
er glade og tillitsfulle kvalpar!!
Kvalpane vert levert registrerte i NKK, id-merka, vaksinerte , med
veterinær attest og ein perm med bla. kvalpeskriv frå "hønemor"...

"Jippiii.....er det dette
som er party-telt?"
:-)
Om du er interessert i kvalp
frå oss, må du gjerne ta kontakt for ein prat!!
|